Av:
Stord kommune
Publisert:
22.05.2009
Oppdatert:
18.01.2012
Siktemålet med vaksenopplærings-tenestene er å gje vaksne med særlege behov for opplæring eit tilbod, slik at dei kan utvikla og halda ved like grunnleggjande dugleik.
Vidare er det eit mål å gje grunnskuleopplæring til vaksne som treng det , primært for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring:
- For dei som ikkje har fullført grunnskulen
- For dei som har fullført grunnskulen, men som likevel treng meir opplæring.
For å få fullført grunnskule for vaksne, treng ein opplæring etter eigne planar i norsk, engelsk og matematikk - samt to av faga religion, livssyn og etikk, naturfag og samfunnsfag.
Vilkår
Sakkunnig vurdering frå PPT i samsvar med gjeldande retningsliner i opplæringslova. For å ha rett til vaksenopplæring krevst det positiv tilråding frå PPT. ( Jmf. §4A-8 om rådgjeving og kartlegging )
Lover
Opplæringslova § 4A-1 og § 4A-2
Rettleiing
Ein søkjer ved å senda skriftleg søknad til:
Stord vaksenopplæring
v/ Torger Tvedten
Postboks 304
5402 Stord
Søknadsfrist
For personar med psykisk utviklingshemming busett i kommunen
Vanlegvis i mars månad - etter utlysing/informasjon ved ulike naturlege einingar i kommunen og skriv til enkeltpersonar som alt "er i systemet".
For andre
Fortløpande vurdering.
Søknaden blir avgjort av Stord vaksenopplæring i samråd med involverte instansar.
Behandlingstid
Søknader vert behandla fortløpande.
Søknadsskjema
Det er ikkje særskildt søknadsskjema for denne tenesta.
Betalingssatsar
Opplæring og undervisningsmateriell er gratis.
Klage
Du har rett til innsyn i dokument som vedkjem di sak. Du har også rett til å klaga på enkeltvedtak som er gjort av Stord kommune.