Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
27.03.2012 18:48:47
Oppdatert:
10.05.2012
Skulehelsetenesta
Tenesta er eit tilbod om helsetenester til alle skuleelevar under 20 år. Skulehelsetenesta gir råd og rettleiing, gjennomfører helseundersøkingar og vaksinasjonar. Når det trengst, kan tilvising vidare til anna helsepersonell som fastlege, tannlege eller ein spesialist gjerast. Skulehelsetenesta har også som oppgåve å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane.
Korleis jobbar skulehelsetenesta?
Elevane kan få undersøking og samtale med lege eller helsesøster. Både eleven sjølv, føresette, lærarar eller andre kan ta initiativ til dette. Ein treng ikkje timeavtale for å ta kontakt. Enkeltelevar kan få tilbod om særskilt oppfølging, med støttesamtaler, kartlegging av vanskar osv. Tilvising til spesialisthelsetenesta skjer oftast gjennom fastlege, men skulehelsetenesta kan hjelpe til med å vurdere behovet, og samarbeider ofte med fastlegane når tilvising er aktuelt.
Helsesøster og skulelege har gruppe- eller klasseretta aktivitetar, t.d. om tema som pubertet (barneskulen), sex og samliv (ungdomsskulen) eller psykisk helse (ungdomsskulen).
Alle elevar i grunnskulen får tilbod om vaksinasjon etter nasjonalt vaksinasjonsprogram.
Vilkår
Tenesta er gratis.
Kontakt med skulehelsetenesta er frivillig.
Samarbeidspartnarar
Helsesøster og skulelege har teieplikt, men vil ofte ha behov for samarbeid rundt enkeltelevar. Me samarbeider tett med foreldre og skule, og med ulike kommunale- og eksterne hjelpeinstansar. Samarbeid rundt namngjevne elevar skjer etter samtykke frå foreldre/evt. berre frå eleven sjølv.
Klage
Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):
- Fristen for å klage er fire veker frå du tok imot vedtaket.
- I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
- Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan du klage til Fylkesmannen.
Du kan også klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får:
- Send klaga til den instansen som yter tenesta, slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
- Dersom klaga blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Helsetilsynet i fylket.
Kontaktinformasjon
Besøksadr.: Lønningsåsen 9B, Leirvik, 5417 Stord
Postadr.: Postboks 323, 5402 Stord
Opningstid: 08.15 - 15.30
Søkeord
barn, ungdom, skule, vidaregåande, elevar, helse, teneste, råd, rettleiing, vaksinasjon, undersøkjing, prevensjon, sjukdom, fysioterapi, barnevern, ppt, pedagogisk-psykologisk