Av:
Stord kommune
Publisert:
22.05.2009
Oppdatert:
23.11.2011
Kven skal møte til mekling?
- Foreldre med felles barn under 16 år må møte til mekling før det vert reist sak om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast eller om samvær.
- Gifte foreldre med felles barn under 16 år må for å få separasjonsløyve eller skilsmisseløyve etter ekteskapslova §§ 20 og 22, ha møtt til mekling på familievernkontor eller hos annan godkjend meklar jf. ekteskapslova § 26.
- Sambuarar med felles barn under 16 år skal ved samlivsbrot møte til mekling.
Føremålet med og innhaldet i meklinga
Føremålet med meklinga er å få foreldra til å kome fram til ei skriftleg avtale om foreldreansvaret, om kvar barnet skal bu fast og om samvær. Partane bør gjerast kjende med dei viktigaste økonomiske konsekvensane som avtala fører med seg.
Frammøte
Foreldra skal møte personleg og samstundes til mekling. Den som meklar kan likevel avgjere at dei skal møte kvar for seg dersom det er tenleg. Meklaren kan i særlege høve gje løyve til at ein eller begge partar møter saman med ein fullmektig
Tinging av time
Time til mekling ved samlivsbrot kan du bestilla i Kundetorget på telefon 53 49 66 60 eller hos Familievernkontoret på telefon 466 19 160. Hovudregelen er at du får meklingstime innan tre veker etter bestilling. Meir utfyllande kontaktinformasjon til høgre på denne sida.
Betalingssatsar
Foreldremekling er gratis.