Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  25.02.2009
Innhold sist oppdatert: 27.03.2012 18:39:52
Oppdatert: 10.05.2012

BPA- Brukarstyrt personleg assistanse

Brukarstyrt personleg assistanse er ein alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp. Brukaren kan sjølv være arbeidsleiar eller andre kan få denne rolla på vegne av brukaren. Brukaren tilsett assistent og disponerer sjølv timene til sitt behov for bistand.

Målgruppe

BPA er for personar som har eit omfattande bistandsbehov og som ønskjer høg grad av brukarstyring. Målet med tenesta er å bidra til at brukaren har eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv trass behov for bistand frå andre. Ordninga omfatter også familier med barn som har omfattende bistandsbehov. 

Vilkår

Personar som ikkje kan ta omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Rettleiing

Du kan kontakte Kundetorget for å få hjelp til å søkje ,eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkomande ha fullmakt.

Søknadsskjema

Du finn søknadsskjema for tenesta i informasjonsboks oppe til høgre på denne sida.

Søknadsfrist

Søknadene vert handsama fortløpande

Saksbehandling

Kundetorget tek stilling til og avgjer søknaden. Søkjaren, eventuelt verje eller nærmaste pårørande vert kontakta av sakshandsamar for å kartleggja bistandsbehovet.

Tildeling av tenester skjer etter individuell og fagleg vurdering. Søkjar vil få tilsendt skriftleg vedtak.

Du har rett til innsyn i dokumenta som vedkjem di sak. Du kan ta nærmare kontakt med Kundetorget dersom du ønskjer dette.

Klage

Du har rett til å klaga på enkeltvedtak. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke melding om vedtak. Eventuell klage skal sendast Kundetorget. Dersom du ønskjer det, kan du få hjelp til å skrive klage i Kundetorget.

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Søkeord

personleg assistent, avlasting, støtte

Aktuelle einingar

Betalingsinformasjon

Tenesta vert administrert av

Kontaktinformasjon

Kundetorget
Rådhuset
Boks 304
5402 Stord

Telefon
53 49 66 00

E-postadresse
tingarkontoret@stord.kommune.no

Opningstider
Kvardagar 08.00-15.30

Gå til eininga kundetorget si side

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM