Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
 
Oppdatert: 23.04.2012

Overgrep

Eit overgrep vil seia at eit menneske sine rettar vert krenka av eit anna menneske. Overgrep kan råka både menn og kvinner og alle typar barn og ungdom, og både gutar og jenter.

Seksuelle overgrep inkluderer: Uønska berøring, påtvungen seksuell aktivitet, smertefull seksuell aktivitet, valdtekt, sadistiske seksuelle handlingar, påtvungen seksuell aktivitet med andre, påtvungen seksuell aktivitet medan andre ser på. (kjelde www.ung.no)

Har du opplevd overgrep? 

Etter seksuelle overgrep er det ofte vanskeleg å bestemma seg for kva ein skal gjera med dei vanskelege tankane og problema som denne type vold kan medføra for den enkelte.

Her får du hjelp

Landsdekkande telefon for incest- og seksuelt misbrukte:

Tlf  800 57 000 Open 24 timar i døgnet / 7 dagar i veka.

Meir informasjon finn du ved hjelp av dei eksterne lenkene til høgre på denne sida. 

Har du mistanke om overgrep?

Dersom du er bekymra for eit barn si utvikling eller omsorg, kan du ta kontakt med barneverntenesta i kommunen der barnet bur.

Privatpersoner kan melda saker anonymt til barnevernet. Det betyr at dei varslar barnevernet om at dei er bekymra for eit barn, men ønskjer at deira eigen identitet vert halden hemmeleg for den familien det gjeld.

Sjølv om meldar vil vera anonym, har barnevernet plikt til å undersøkja saka på vanleg måte. Barnevernet kan gi meldar anonymitet, men anonymitet fritek ikkje meldar for vitneplikt når saka skal handsamast i fylkesnemnda eller i domstolane.

10 punkt som kan vera til hjelp for å kunne avsløra dette hos barn

Bekymringsmelding til barnevernet

Har du motteke ei bekymringsmelding?

I Sunnhordland har me et konsultasjonsteam for vald og seksuelle overgrep. Teamet har møte fast en gong i månaden i på familievernkontoret på Stord.

Tilsette i stat og kommune som jobbar med barn, og som har ei bekymring om barn kan vera utsett for vald eller seksuelle overgrep, er velkomne til å drøfta bekymringa anonymt med konsultasjonsteamet.

Les meir om konsultasjonsteamet

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM