Av:
Stord kommune
Publisert:
22.05.2009
Oppdatert:
21.09.2009
Stord kommunale næringsfond
Stord kommunale næringsfond skal vera eit viktig verkemiddel i sysselsetjingspolitikken i kommunen. Næringsfondet skal nyttast til tiltak som kan fremja næringslivet, sikra og skapa nye arbeidsplassar innan Stord kommune.
Det er varierande tilgang på midlar i næringsfondet avhengig av løyvingar i det enkelte år.
Midlane kan i samsvar med dette nyttast til:
- Kjøp av aksjar og andelar, lån og tilskot til industri, turistnæring, handelsverksemd og til fremjing av primærnæringane.
- Marknadsføring av Stord kommune.
Vedtekter for Stord kommunale næringsfond