Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Dommarklubbe og Noregs Lover
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
 
Oppdatert: 10.11.2011

Mekling

I rettsleg samanheng kan mekling nyttast i alt frå store, kompliserte forhold til mindre alvorlege nabokonfliktar.

Mekling kan føregå uformelt ved at ein gir jobben til ein nøytral tredjeperson som partane er einige om, eller meir formelt ved at ein tek rettsapparatet eller liknande institutt til hjelp.

Ein grunnleggjande føresetnad ved dei fleste former for mekling er at begge (alle) partar er einige om ein slik fremgangsmåte. Alternativet vil vera å anleggja sak for domstolane.

Ulike typar mekling

Forliksrådsmekling

Forliksrådet er ein av våre vanlege domstolar. Sivile tvistar skal som hovudregel behandlast av forliksrådet før dei eventuelt går til tingretten. Forliksrådet skal alltid prøva å mekla mellom partane, og kan også i mange tilfell avseia dom. Det er eitt forliksråd i kvar kommune.
Forliksråd

Mekling ved samlivsbrot

Lova krev at foreldre som har felles barn under 16 år, og som vil skilja lag, først skal mekla.
Mekling ved samlivsbrot

Mekling i barnefordelings- og samværssaker

Dersom ein har barn under 16 år saman, må ein for å kunna ta ut søksmål i ei sak om barnefordeling leggja fram ein meklingsattest. Plikt til mekling følgjer av både ekteskapslova og barnelova. Meklingsattest får ein ved å møta til mekling ved eit godkjent meklingskontor.
Meir informasjon på www.barnefordelingssaker.no

Rettsmekling

I rettssaker får partane tilbod om rettsmekling, både på tingrett- og lagmannsrettnivå. Rettsmekling er en alternativ måte å løysa konfliktar ved domstolane. Vanlegvis er han enklare, raskare og billegare for partane. Vert konflikten løyst under rettsmeklinga, unngår partane hovudforhandling og dom. Rettsmekling kan bare brukast i sivile saker.
Rettsmekling

Mekling i konfliktråd

Krav som har samanheng med at ein eller fleire personar har påført andre ein skade, i praksis ved straffbar handling, kan bringast inn for mekling i konfliktråd. Sjølve meklingsforma er ikkje ulik den som vert praktisert av forliksrådet. Parten må møta personlig. Avtale som vert inngått vil vera bindande. Avtalen er ikkje tvangsgrunnlag og har ikke rettskraftsverknader.
Konfliktrådet for Haugaland og Sunnhordland

Les om tenesta

Familiemekling

Kontakt Stord kommune

Sentralbord / fax: 53 49 66 00 / 01

E-post: post@stord.kommune.no

Nettprat med kundetorget (9-15)

Kundetorget i rådhuset er ope

08:00-15:30

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM