Kommuneplanlegging etter den nye plan og bygningslova
Kommunen sine plikter og krav til planprosedyrar m.m. er fastlagt i kapittel 4 om generelle utgreiingskrav, 5 om medverknad, 10 om kommunal planstrategi, 11 om kommuneplan i den nye plan- og bygningslova.
Kommunal planstrategi
Etter §10-1 skal kommunen utarbeida ein kommunal planstrategi. I tillegg skal kommunestyret ved handsaming av kommunal planstrategi ta stilling til om gjeldande kommuneplan eller deler av denne skal reviderast, eller vidareførast utan endringar.
Kommunestyret kan og ta stilling til om det er trong for å setja i gong arbeidet med nye arealplanar i valperioden, eller om gjeldande planar bør reviderast eller opphevast.
Kommuneplanen
Etter § 11-1 skal kommunen ha ein samla kommuneplan som omfattar samfunnsdel med handlingsdel og arealdel. Kommuneplanen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver, og bør omfatta alle viktige mål og oppgåver i kommunen. Planen skal
ta utgangspunkt i den kommunale planstrategien og leggja retningsliner og pålegg frå statlege og regionale mynde til grunn.
Kommuneplanen skal vidare ha ein handlingsdel som viser korleis planen skal følgja opp dei 4 påfølgjande åra eller meir, og som skal reviderast årleg. Økonomiplanen etter kommunelova §44, vil slik det er høve til etter ny plan- og bygningslov, utgjera Stord kommune sin handlingsdel til kommuneplanen.
Samfunnsdelen som er nærare omtala i § 11-2, skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for lokalsamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal leggjast til grunn for kommunen si eiga verksemd og statlege og regionale mynde sine verksemder i kommunen.
Arealdelen
Etter § 11-5 skal kommunen ha ein arealplan for heile kommunen som viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Det kan og utarbeidast arealplanar for deler av kommunen sitt område (kommunedelplanar).
Arealdelen skal visa hovudtrekka i arealdisponeringa, rammer og vilkår for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk, samt kva viktige omsyn som må ivaretakast ved disponering av areala. Arealdelen skal omfatta plankart, bestemmelsar og planbeskrivelse der det framgår korleis nasjonale mål og retningsliner, og overordna planer for arealbruk er ivareteke.
Plankartet skal i nødvendig grad vise hovudformål og omsynsoner for bruk og vern av areal.
Planprogram
Planprogrammet skal gjera greie for
- Føremålet med planarbeidet
- Planprosessen med fristar og deltakarar
- Opplegget for medverknad
- Kva alternativ som skal vurderast
og trongen for utgreiingar
Forslaget til planprogram skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn samstundes med varsling av planoppstart.