Av:
Nina Sørli
Publisert:
22.05.2009
Oppdatert:
22.07.2011
Ved reduksjon i inntekt opplever mange at pengane ikkje strekk til. I ein slik situasjon er det viktig å gjera nokre grep så tidleg som mogleg for å sikra at ein framleis har kontroll over økonomien.
Har du gjeld og får vanskar med å betala den, eller har problem med å disponera pengane slik at dei strekk til, er det viktig å søkja hjelp i tide. Målet med økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving er å hjelpa deg slik at du blir i stand til å styra økonomien din sjølv.
Kontakt 800Gjeld gratis
Hos 800Gjeld kan alle få økonomisk rådgjeving. Tenesta er gratis og du kan gjerne ringa anonymt dersom du ynskjer det.
Får du problem med å betala gjeld, er det viktig å søkja hjelp raskt for å unngå at gjelda veks.
Ring 800Gjeld på telefon 800 45 353 (kvardagar 9-15)
10 råd og tips for å unngå betalingsvanskar
- Ikkje nøl med å be banken din om hjelp
- Kom raskt i dialog med kreditor
- Sett opp budsjett over faste og variable inntekter og utgifter
- Selg unna – kan det tenkjast at det er ting du eigentleg ikkje treng?
- Handle på salg
- Har du høve til utleige?
- Ekstra jobb?
- Ikkje ha mange kredittkort. Det er nok med eitt.
- Samling av små lån, avdragsfridom og lengre løpetid på lånet.
- Sjekk skattetrekket. Det kan vera sett for høgt.