Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
 
Oppdatert: 15.06.2011

Dagsenter/dagtilbod

I Stord kommune har me følgjande dagtilbod:

Dagtilbod for personar med hukommelsestap

Dette er eit dagtilbod for personar med hukommelsestap. Det er dagtilbod fire dagar i veka med aktivitetar og måltider.  
Dagtilbod for personar med hukommelsestap

Hagerupshuset kultur- og eldresenter

Kultur- og eldresenteret Hagerupshuset ligg i Leirvik sentrum. Gjennom ulike tilbod og aktivitetar er målet å styrkja pensjonistane sitt fysiske og psykiske velvære, motarbeida einsemd og isolasjon, og auka trivsel. Hagerupshuset er ope måndag til fredag kl. 09.30 - 13.00
Gå til Hagerupshuset si side

Hamna kontaktsenter

Hamna kontaktsenter i Borggata på Leirvik er ein møteplass for menneske med psykiske problem. Me prioriterer meiningsfulle aktivitetar og sosialt samvær. Kontaktsenteret er ope kvar dag. Du er hjarteleg velkommen innom. Det er heilt uforpliktande å besøka oss. Gå til Hamna kontaktsenter sine sider

I Jobb Stord

Eit jobbtilbod til rusmisbrukarar som ikkje er under behandling. Det er Kirkens bymisjon som står bak tilbodet. I Jobb Stord held til på Nattrutekaien i lokala til den tidlegare varmestova. Der har dei ope onsdag og fredag. Arbeidsdagen startar med felles frukost før deltakarane skal ut og utføra ulike småjobbar.

Maris

MARIS - senteret er eit frivillig behandlingstilbod for opiatmisbrukarar. Senteret har ope for pasientar som har fått innvilga behandling på Metadon og Suboxone/Subutex. MARIS har medisinutdeling 6 dagar i veka og aktivitetstilbod 5 dagar.
Gå til Maris sine sider

Sæbø gard

Sæbø gard er eit aktivitets- og arbeidstilbod for personar med psykisk utviklingshemming. Garden ligg i Kårevik, heilt sør på Stord, fem kilometer frå Leirvik sentrum.
Gå til Sæbø gard sine sider

Vidsteentunet aktivitetssenter

Vidsteentunet  Aktivitetssenter er eit dagsenter for vaksne personar med utviklingshemming.
Gå til Vidsteentunet si side

Les om tenesta

Aktuelle einingar

Kontakt Stord kommune

Sentralbord / fax: 53 49 66 00 / 01

E-post: post@stord.kommune.no

Nettprat med kundetorget (9-15)

Kundetorget i rådhuset er ope

08:00-15:30

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM