Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
byggjesak handsamar ser på kart
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
Foto: Vibeke Mjånes
Oppdatert: 04.05.2012

Byggjesak

Søknad om førehandskonferanse

Du kan be om ein førehandskonferanse når du har ein idé om å byggja noko. Kommunen kan også be om førehandskonferanse med deg når den meiner at det er behov for å avklara byggeprosjektet i god tid før byggesak blir sendt til kommunen.

Ein førehandskonferanse er eit møte mellom deg (tiltakshavar) og din representant (ansvarleg søkjar) og kommunen sin sakshandsamar, for å gjennomgå ideane dine til byggeprosjektet ditt.

Skjema for førehandskonferanse

Kartpakke

Dersom du skal i gong med tiltak av ulik storleik, treng du å tinge ein kartpakke frå Stord kommune. Den inneheld kart, naboliste og eventuelt reguleringsplan knytt til den aktuelle eigedomen. Dette utgjer grunnlaget for søknaden din. Dersom det gjeld søknad utan ansvarsrett følgjer det også med søknadsskjema i kartpakken.

Kartpakken kostar kr. 590,- og vil verte sendt til dykk i posten.

Ting kartpakke  

Søknad med ansvarsrett (§20-1)

 

Søknad med ansvarsrett § 20-1 gjeld alle større tiltak

  1. Oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging eller plassering av bygning, konstruksjon eller anlegg
  2. Vesentleg endring eller vesentleg repreasjon av tiltak som nevnt under ledd 1.
  3. Fasadeendring
  4. Bruksendring eller vesentleg utvidelse eller vesentleg endring av tidligare drift av tiltak som nevnt i ledd 1.
  5. Riving av tiltak som nevnt i ledd 1.
  6. Oppføring,endring eller repreasjon av byggtekniske installasjonar
  7. Oppdeling eller sammenføyning av bruksenheter i boliger samt anna ombyggning som medfører fravikelse av bolig.
  8. Oppføring av innhegning mot veg.
  9. Plassering av skilt , reklameinnretningar og liknande
  10. Plassering av midlertidige bygningar, konstruksjonar eller anlegg.
  11. Vesentleg terrenginngrep
  12. Anlegg av veg, parkeringsplass og landingsplass
  13. Opprettelse av ny grunneigedom, ny anleggseigedom, eller nytt jordsameige, eller opprettelse av ny festegrunn for bortfeste som kan gjelde meir enn 10 år, eller arealoverføring, jf. lov om eigedomsregistrering. Slik tillatelse er ikkje nødvendig når tiltak eller første punktum skjer som ledd i jordskifte i samsvar med rettslig bindane plan.

Eksemplar på tiltak som krev søknad med ansvarsrett :

  • Ny einebustad
  • Pipe/Peis
  • Rehabilitering av eldre hus

I tilegg til søknaden må man også ha med :

  1. Situasjonskart i målstokk 1:500. Ikkje eldre enn 6 måneder.
  2. Teikningar over tiltaket i plan,snitt og fasade i målstokk 1:100.
  3. Gjenpart av nabovarsel.
  4. Opplysningar om tiltakets ytre rammer.
  5. Søknad om ansvarsrett frå godkjent entreprenør.
  6. Kontrollerklæring frå de områdene entreprenør påtar seg.
  7. Hvis det tiltaket krev søknad om dispensasjon , så må også denne sendast med.

 

Søknad utan ansvarsrett (§20-2)

 

Søknad utan ansvarsrett gjeld tiltak som søkar kan byggje sjølv.

  1. Mindre tiltak på bebygd eigedom.
  2. Alminnelege driftsbygningar i landbruket.
  3. Midlertidige bygningar, konstruksjonar eller anlegg som nevnt i § 20-1 første ledd.
  4. Andre mindre tiltak som etter kommunens skjønn kan foreståes av tiltakshaver.

Eksempel på tiltak som krev søknad utan ansvarsrett : 

  • Garasje
  • Terrasse

I tillegg til søknaden må man også ha med :

  1. Situasjonskart i målstokk 1:500. Ikkje eldre enn 6 måneder.
  2. Teikningar over tiltaket i plan,snitt og fasade i målstokk 1:100.
  3. Gjenpart av nabovarsel.

 

Fritak (§20-3)

 

Når nabogrensa på 4 meter er overholdt og og avstand 1 meter frå bygg så kan diverse tiltak førast opp uten at det er nødvendig å informera kommunen eller nabo. ( Gjeld ikkje ved 100 meters beltet langs sjø )

  1. mindre frittliggjande bygning som oppførast på bebygd eigedom, og som ikkje kan brukast til varig opphald for personar.
  2. Mindre frittliggjande byggverk knytt til drift av jordbruks-. skogbruks- og reindriftsområder.
  3. Mindre tiltak i eksisterande byggverk
  4. Mindre tiltak utendørs
  5. Fasadeendring som ikkje førar til at bygningens karakter vert endra, samt tilbakeføring av fasade til tidligare dokumentert utførsle.
  6. Andre mindre tiltak som kommunen finner grunn til å frita frå søknadsplikten.

Eksemplar på tiltak som har fritak : 

  • Tiltak som er under 15 m2, f.eks leikestue
  • Flaggstang under 9 meter.
  • Gjerde mot veg med høgd under 1.5 meter

Rettleiingar

Nærare rettleiingar for ulike tiltak finn du her:   

Spørsmål? 

Ove Jarle Skaar
E-post: Ove.Jarle.Skaar@stord.kommune.no
Telefon: 53 49 68 08 

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM