Av:
Stord kommune
Publisert:
22.05.2009
Oppdatert:
24.11.2011
Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB) er felles barnevernsteneste for kommunane Stord, Fitjar og Bømlo.
Om barnevernstenesta
Arbeidet i barneverntenesta er regulert av "Lov om barneverntjenester" i tillegg til rundskriv og retningsliner knytt til lova.
Når barn på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særlege behov, skal det iverksetjast tiltak for barnet og familien. Tiltaka skal ha barnet sitt beste som målsetjing.:
Alle tiltak skal evaluerast med jamne mellomrom. Målet er at barnet skal veksa opp hos dei biologiske foreldra sine utan tiltak frå barneverntjenesten.
Barnevernet skal driva førebyggjande samarbeid med andre tenester og frivillige organisasjonar.
Barnevernet set i verk undersøking etter bekymringsmelding frå til dømes foreldre, barnet sjølv, annan familie, helsestasjon, barnehage, skule, sjukehus, politi, NAV mm.
Meir om dei ulike tenestene under barnevernet under "Om tenesta" i høgremeny på denne sida.
Sakshandsaming
Lov om barneverntenester har følgjande fristar for sakshandsamingstid:
- Avklaring av melding: 1 veke
- Undersøking: 0 - 3 månader. I særlege tilfelle inntil 6 månader.