Av:
Stord kommune
Publisert:
22.05.2009
Oppdatert:
02.09.2011
Her finn du informasjon om ambulerande og fast skjenkeløyve, salsløyve, serveringsløyve, etablerarprøva og kunnskapsprøva (alkohollova).
Sjå også Alkoholpolitiske retningsliner for Stord kommune.
Skal du starta opp ein serveringsstad eller ein dagligvareforretning må du ha løyve frå Stord kommune. Det er kundetorget som er sakshandsamar i saker som gjeld alkohol og servering. Kontaktinformasjon til kundetorget finn du i informasjonsboks nede til høgre.
Les meir om dei ulike løyvene ved å klikka på lenkene til høgre (under Les om tenesta).
Kunnskapsprøva
Kunnskapsprøva om alkohollova er obligatorisk for styrar og stedfortredarar for sals- og skjenkestader. Det er Kundetorget som organiserer kunnskapsprøva. Ta kontakt for å avtala tid.
Les meir om kunnskapsprøva
Etablerarprøva
Kunnskapsprøva om serveringslova (etablererprøven) er obligatorisk for dagleg leiar av stader som driv serveringsverksemd.
Det er Kundetorget som organiserer Etablerarprøva. Ta kontakt for å avtala tid.
Les meir om etablerarprøva