MÅL
Kulturskulen skal yta tenester til kommunen sine innbyggjarar, til skular og barnehagar og til lag- og organisasjonslivet i kommunen.
Kulturskulen skal gje plass til alle som ynskjer eit tilbod innanfor dei aktivitetane den gjev tilbod om.
Kulturskulen skal utvikle og presentere varierte framsyningar og konsertar for innbyggjarane i Stord kommune.
TILTAK
Kulturskulen skal gje undervisning innanfor eit vidt spekter av kunstfaglege aktivitetar som musikk, dans, drama, bildande kunst og ulike typar tverrfagleg aktivitet samt utøvande kunstnarleg verksemd.
For å få til ei heilskapleg kunstfagleg utvikling skal den leggja vekt på samarbeid med regionale og sentrale utdannings- og kunstfaglege institusjonar, med fylkeskommunen og med andre kommunar.
Barn og unge skal oppleve kulturskulen som ein stad for positiv musisk og kunstnarleg utvikling.
PEDAGOGISK PLATTFORM OG GRUNNSYN
Stord kulturskule skal vera ein trygg plass for positiv utvikling. Den skal gje varierte og tilpassa tilbod til elevar og føresette.
Kulturskulen skal vera uunnverleg i vårt lokale samfunn og gje meiningsfull og gjevande aktivitet sett i nær samanheng med andre tenester i og utanfor ordinær skuletid.
Tenestene kulturskulen gjev til brukarane skal opplevast som gode, klare og målretta.
Kvaliteten på tenestene vert sikra gjennom velkvalifiserte lærarar, trivsel hjå elevane, dialog og samarbeid mellom brukarar og tilsette og stor grad av forutsigbarhet i korleis kulturskulen møter brukarane.
Me i Stord kulturskule veit at dersom tilhøva vert lagd til rette:
- opplever våre elevar arbeid som noko naturleg
- tek våre elevar medansvar for eiga læring
- har elevane våre rom for utvikling
- brukar elevane fantasi, intellekt og kreativitet ved problemløysing
Me veit også at barn lærer gjennom:
- at læraren formidlar
- dialog og samtale
- å gjera og etterlikna
- å sjølv påvisa problem, løysa dei og vurdera
- identifikasjon
- konfrontasjon
Dei tilsette i kulturskulen veit at dei arbeider med elevar/einskildmenneske som:
- ynskjer å utvikla sine musiske evner
- har behov/ynskje om personleg engasjement frå læraren
- må få høve til å skapa og gjenskapa
- må få høve til å improvisera og førebu
- får innsikt gjennom problemløysing, utforsking og eksperiment
- må få høve til å arbeida etter eigne og andre sine mål
- må få høve til å ta ansvar for eiga læring
- vurderer og aksepterer
- må få høve til samarbeid med andre og arbeida individuelt
- må få høve til å utfalda seg, men også kjenna grenser
- føler tillit, men også respekterer autoritet
DELMÅL FOR KULTURSKULEN SINE TILBOD
Stord kulturskule skal vera ein stad for læring kor det faglege innhaldet til ei kvar tid er kvalitetssikra. Estetisk oppleving og skaping skal vera sentralt i opplæringa. Opplæringa skal ivareta fagleg breidde, spesialisering, kreativitet, sosiale relasjonar og kommunikasjon i vidaste forstand og på alle plan.
Kulturskulen vil også ta ansvar for at elevane i opplæringa opplever og blir kjent med vesentlege element frå vår nasjonale kulturarv.
Tryggleik er ein viktig føresetnad for god læring. Kulturskulen legg difor vekt på at brukarane møter dei tilsette i eit trygt og godt miljø prega av menneskeleg og fagleg samspel.
Den faglege utviklinga skal vera ein naturleg prosess for den eleven det gjeld. Den handverksmessige sida av utviklinga skal vera ein integrert del av opplæringa.
MÅL FOR UNDERVISNINGA
Undervisninga skal:
- utvikle eleven si estetiske og musiske oppleving
- utvikle eleven si evne til å skape og gjenskape aleine og/eller i samspel med andre
- utvikle eleven si naturlege evne til utfalding, ansvar og kreativitet
- gje eleven innsikt og erfaring gjennom ulike typar arbeidsmåtar og i fleire kunstnarlege uttrykksformer og stilartar
INNHALD I UNDERVISNINGA
Undervisninga skal innehalde:
- variert aktivitet med utgangspunkt i eleven sitt ferdighetsnivå
- aktivitet som sikrar at den handverksmessige utviklinga til eleven vert teke vare på
- aktivitet som sikrar at eleven får delta i tverrfaglege prosjekt og tema
- aktivitetar med bakgrunn i vår eigen kulturarv
- aktivitetar som gjev kjennskap til fleire kunstnarlege uttrykksformer
- aktivitetar som gjev eleven høve til å delta i konsert-/framføringssamanhengar, aleine eller i samspel med andre