Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  18.05.2009
 
Oppdatert: 23.06.2011

Animasjon

Stord Kulturskule tilbyr no innføringskurs i Animasjon for elevar frå 5. til 7. klasse. Kurset vil ta for seg 2D- og 3D-animasjon med Stop Motion. Dette er den ”originale” måten å lage animasjonsfilm på. Ein tar eit og eit bilde om gongen medan ein flyttar litt på figurar/teikningar mellom kvart bilde.

Å animere tydar å ”gje liv til”. Me skal i hovudsak arbeide med ”Cut-out”, dvs utklipte papirfigurar, og plastelina i omgjevnadar me lagar sjølve. Me må også lage historiane sjølve slik at me har eit poeng i filmane våre. Kanskje me og arbeider med andre material (t.d. Lego eller oss sjølve!).

Du vil lære litt om teknikk/programvare (Stop Motion) på PC. Me vil arbeide med form, farge og dimensjonar. Me vil nytta ”kortfilmprinsippet” og då gjerne med utgangspunkt i ”avisstriper” (teikneseriar i tre bilder). Det me lagar må me sjølvsagt også leggje lyd til, kanskje me også må lage eigne ”lydkulissar”/musikk.

Eitt sekund animasjonsfilm inneheld 24 bilder. Det seier seg sjølv at du må vera tolmodig om du vil arbeide med dette. Det er ikkje naudsynt å ha eigen PC og kamera,  men det du lærer her kan du sjølvsagt jobbe med heime også. Me skal arbeide saman i grupper på 4-5 elevar. Undervisninga vil normalt vera ein klokketime pr. veke, men sidan dette er ein tidkrevjande prosess kan me ved enkelte høve ha dobbelttimar og ta fri andre gonger.

Lærar er Omar Zahl Pettersen.

For å så søke om plass kan du nytte søknadsskjemaet du finn i boksen til høgre.

Under finn du bilder av plastelinafigurar som noverande elevar har laga til ein film.

Teiknefilmfigur

Teiknefilmfigur

 

 

 

 

 

 

 

 

TeiknefilmfigurTeiknefilmfigur

Kontaktinformasjon

Einingsleiar
Åge Vallestad

Telefon
53 49 69 05

E-postadresse
age.vallestad@stord.kommune.no

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Åge Vallestad
Tlf. 53 49 69 05
Mobil: 975 52 215

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Meieriet - Tjødnalio skule - Leirvik skule - Sagvåg skule - Høgskulen Stord/Haugesund