Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  24.11.2011
 
Oppdatert: 30.11.2011

Parkour

Parkour er ein rørsleidrett kor ein skal kunne kome seg frå A til B på den mest effektive måten.

Lærar skal vera Gareth Whittaker som har utdanning, erfaring og trening i dette frå London. Tilbodet vårt vil vera for elevar i alderen 10-12 år og 13 år og eldre. Det vil i første omgang vera eit prøveprosjekt i vårsemesteret 2012. Du kan sjekke ut Parkour på denne lenka og på denne. Stord Parkour og Gareth har oppretta ei eiga Facebookside som du kan sjekke ut. Dersom det vert nok søkjarar vil me starte opp to grupper på Sagvåg skule og to grupper på Leirvik skule.

Parkour er ein rørsleidrett kor ein skal kunne kome seg frå A til B på den mest effektive måten. Ein traceur (ein utøvar av parkour) som møter på eit gjerde, vil ikkje leite etter ein port, men leite etter den mest mogeleg effektive måten å kome over hinderet framfor han på. Parkour er heller ikkje ein konkurranse og skal difor ikkje definerast som ein sport der konkurranse er essensielt. Det handlar om å konkurrere med seg sjølv og ingen andre. Den grensa ein har, skal ein bryte for å kunne bli endå betre i det ein driv med.

Fordi parkour er oppteken med utviklinga av den enkelte både fysisk og mentalt, kan det bli praktisert av alle. Den grunnleggande opplæringa og metoden kan tilpassast alle aldrar og evner slik at alle kan finne eit høvande nivå av utfordring.

Her er ein norskspråkleg film om parkour.

Det bør også seiast at dei fleste videoar produsert om parkour viser imponerande rørsler som er sluttresultatet av ein stor dedikasjon og praksis. Desse videoane viser ofte ikkje nøyaktig parkourtrening, men viser fram noko av dei beste ein kan oppnå innanfor parkour.

Dei som er over 16 er velkomne til å delta i utandørs klasse (kan kontakte Gareth gjennom kulturskulen, også om dei ynskjer å organisere noko sjølv). Om du er under 16 år, ta kontakt med Stord kulturskule her, eller du kan spørje rektor på skulen din om han kan organisere ei gruppe.

Kontaktinformasjon

Einingsleiar
Åge Vallestad

Telefon
53 49 69 05

E-postadresse
age.vallestad@stord.kommune.no

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Åge Vallestad
Tlf. 53 49 69 05
Mobil: 975 52 215

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Meieriet - Tjødnalio skule - Leirvik skule - Sagvåg skule - Høgskulen Stord/Haugesund