Av:
Stord kommune
Publisert:
04.03.2009
Oppdatert:
23.06.2011
I tangentfamilien har me piano, flygel, cembalo, kyrkjeorgel, keyboard/synth. I tillegg har me el.orgel og harmonium, men desse er ikkje så vanlege lenger. Mange trekkspel har tangentar. Tidlegare fantes det også andre tangentinstrument som hammerklaver og klavikord.
Elevar som ynskjer å spela eitt eller anna tangentinstrument, startar alltid opp med vanleg pianoundervisning. Då får dei lært det mest grunnleggande om notar, besifringsspel, gehørspel og teknikk (hender, sittestilling o.l.)
Lærarar i tangentseksjonen er Fredrik Horn, Magnus Blom, Tone Heide og Omar Zahl Pettersen.
