Strykarfamilien består av fiolin, bratsj, cello og kontrabass.
Alle har fire strenger, og me brukar boge til å spela med.
Fiolin og bratsj held me på skuldra.
Cello og kontrabass står på golvet.

Me underviser både i grupper og enkeltvis.
Undervisninga føregår ein gong i veka.
I tillegg har me ein gong i veka tilbod i samspel og orkester.
Dette er ein viktig del av det å spele eit strykeinstrument.
Å spele i lag er motiverande, utviklande, inspirerande og ikkje minst sosialt!
Det er kjekt å spela ilag!
Me spelar etter øyra og etter kvart etter notar.

Ha instrumentet lett tilgjengeleg heime. Opp-pakka og klart.
Det er opp til deg sjølv kor god du vil bli.
Det beste er å øva kvar dag.
Me forventar at du øver heime slik læraren har vist deg.
Er det noko du lurer på, er det berre å ta kontakt!
Nedre aldersgrense for å få plass på fiolin og cello er 6 år. På bratsj og kontrabass bør du vera litt eldre. Me har eit par kontrabassar til utleige for yngre elevar som ynskjer å prøve dette. Desse instrumenta høver for elevar frå 8 år og oppover.

Velkomen som søkjar.
Med venleg helsing
Alise Jonassen - fiolin, bratsj og orkester
Jarle Kristoffersen - cello, fiolin og orkester
Omar Zahl Pettersen - kontrabass og orkester