Av:
Stord kommune
Publisert:
04.03.2009
Oppdatert:
23.06.2011

Gitar (klassisk og akustisk), el. gitar og el.bass.
For å byrje på gitar i kulturskulen kan du vere heilt nybyrjar eller ha spelt litt på førehand, anten åleine eller saman med ein lærar. Basisen for opplæringa tar utgangspunkt i den moderne klassiske gitarteknikken og enkel musikkteori.
Sjølv om me rår alle til å starte med ein akustisk gitar med nylostrengar er det også mogleg å få nybyrjaropplæring på elektrisk gitar. Snakk med oss om dette før du søkjer. Dersom du skal kjøpe ny gitar gir me gladeleg råd i val av type, merke, storleik, prisklasse m.m
Nye gitaristar går oftast saman i grupper på tre og tre. Korleis gruppa er sett saman kan bli justert i løpet av skuleåret dersom progresjonen blir for ujamn i gruppa.
I starten jobbar me med grunnleggande tekniske ferdigheiter. Samstundes får du innblikk i korleis musikkteori kan hjelpe deg i gitarspelinga di.
Me nyttar tabulatursystemet for å lese og notere musikken.
Du må vere budd på at me jobbar veldig nøyaktig og konsentrert på timen.
Me forventar at du øver heime slik læraren har din har vist deg og set av minst 20 minutt til effektiv eigenøving kvar dag.
I tillegg til den faste undervisningstida kvar veke skal du delta på samspelprosjekt og konsertframføringar.
Det er viktig at du forstår at det er du sjølv som styrer kor fort du vil bli god å spele og du må sjølv gjere den største jobben når du øver heime.
Nedre aldersgrense for å få plass på strengeinstrument er normalt 8 år.
Velkomen som søkjar!
Med venleg helsing Ian Kolstad og Tom Stien, gitarseksjonen i kulturskulen.