Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  10.09.2010
 
Oppdatert: 23.06.2011

Peter Pan

Her kan du halde deg oppdatert om kva som skjer med Peter Pan

Her finn du framdriftsplan og rekvisittbehovDersom nokon har rekvisittar som me kan få eller låne kan de ta kontakt med Omar Zahl Pettersen.

Me ynskjer minst kvar anna år å setje opp ei framsyning som krev noko ekstra av oss alle. Me vil også prøve å utvikle oss vidare frå gong til gong.

Denne gongen legg me opp til eit løp kor me så langt som mogeleg legg opp førebuingar og framsyningar så profesjonelt som det kan la seg gjera. Me ynskjer at alle involverte, både tilsette og elevar, skal ha ei profesjonell haldning til det å delta i dette prosjektet. Me føreset at alle involverte bind seg til denne aktiviteten dette semesteret og prioriterar det å vera med svært høgt. For at det endeleg resultatet skal bli så godt, og profesjonelt, som mogeleg krevst det alle syner heilhjarta innsats, engasjement og forplikting. I ein slik produksjon er det ingen som er mindre viktige enn andre. Alle betyr like mykje for det endelege resulatet.

Me treng hjelpr frå føresette til dei ulike gruppene. De kan velge mellom desse gruppene: sosial, sminke, kostyme eller sceneografi (kulissar/rekvisittar). Send påmelding til gruppe ved å nytte kontaktskjemaet i boksen til høgre. 

Ansvarlege for produksjonen er:

Regi og koreografi   Magdalena From Delis
Musikk Ian Kolstad
Scenografi  Omar Zahl Pettersen (Hardanger Sunnhordlandske Culissecompagnie)
Vokal Ingjerd K. Kolstad
Produksjonsansvarleg    Åge Vallestad

 

I 1985 bearbeidde Piers Chater Robinson J. M. Barrie si bok, Peter Pan, for scenen og komponerte sin nyskapande og populære musikal.

Den har blitt framført med stor suksess av utalege amatørteatergrupper og skular over heile verda. Den har også blitt framført av mange profesjonelle teaterensembler, i London West End, over heile Storbritannia, elles i Europa og i Australia. Vår framsyning er den første som vert gjort i Noreg av amatørar. Dei fleste kjenner vel kanskje Peter Pan best frå Disney sin teiknefilm. Det som Stord kulturskule set opp er altså noko heilt nytt i Noreg.

Manuset inneheld all sjarm og magi som du finn i J. M. Barrie si originale forteljing. Her får du møte alle dei kjende figurane frå forteljinga: Peter Pan og Wendy, Kaptein Krok og Smisk, Herr og fru Darling og sønene deira, Michael og John, Tiger Lily, dei foreldrelause gutane, piratar, indianarar, hunden Nana og sjølvsagt den skumle krokodillen. 

Støtte til barnesjukehus

Då J. M. Barrie døydde i 1937, testamenterte han rettane til romanen til barnesjukehuset Ormond Street Children’s Hospital i London. Dette betyr at kvar gong Peter Pan vert framført ein eller annan stad i verda, anten av amatørar eller profesjonelle, gjev dette økonomisk støtte til dette sjukehuset. Så ved å sjå denne musikalen støttar du faktisk ein god sak.

 

Kontaktinformasjon

Einingsleiar
Åge Vallestad

Telefon
53 49 69 05

E-postadresse
age.vallestad@stord.kommune.no

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Åge Vallestad
Tlf. 53 49 69 05
Mobil: 975 52 215

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Meieriet - Tjødnalio skule - Leirvik skule - Sagvåg skule - Høgskulen Stord/Haugesund