Dans
Frå 1. januar 2012 vil kulturskulen utvide aktiviteten i dans. Me vil gje tilbod til barn frå 3 år og oppover samt ei ny gruppe i klassisk ballett og ei i jazzdans for elevar frå 14 år og oppover.
Me vil også gje tilbod til gutar, primært i aldersgruppa 9 til 12 år, men andre kan også søke. Dette tilbodet vil berre bli sett i gong dersom me får nok søkjarar (minimum 12). Tilbodet vil bli konsentrert om Street dance, Hip-hop og beslekta dansefomer. Tilbodet heiter Street Dance-Hip Hop for gutar. Yngre gutar kan søke om plass i våre andre dansetilbod som t.d. jazzdans eller klassisk ballett.
Me vil også gje utvida tilbod i klassisk ballett med tåspiss-sko for vidarekomne elevar. I tillegg har me ledige plassar i nokre aldersbestemte grupper. Desse er: klassisk ballett 6-7 år, 8 år, 9-10 år, jazzdans 10-12 år og jazzdans for vaksne.
Dans- og teaterlærarane
Danselærarar frå januar 2012 vil vera Magdalena From Delis og Jorunn Gravem Whittaker medan Torill Berger Falk og Magdalena skal vera lærar for drama/teatergruppene. Me vil utvide tilbodet i drama/teater med ei ny gruppe. Me vil også vurdere å setje i gong ei drama/teatersportgruppe for vaksne, anten frå januar 2012 eller frå august 2012.
Parkour
Me vil også setje i gong tilbod i noko som vert kalla Parkour (sjå forklaring lengre nede på sida). Lærar skal vera Gareth Whittaker som har utdanning, erfaring og trening i dette frå London. Tilbodet vårt vil vera for elevar i alderen 10-12 år og 13 år og eldre. Det vil i første omgang vera eit prøveprosjekt i vårsemesteret 2012. Du kan sjekke ut Parkour på denne lenka og på denne. Stord Parkour og Gareth har oppretta ei eiga Facebookside som du kan sjekke ut. Dersom det vert nok søkjarar vil me starte opp to grupper på Sagvåg skule og to grupper på Leirvik skule.
Visuelle kunstfag
Det siste som me vil setje i gong tilbod om er visuelle kunstfag (måling og teikning m.m.). Dette er eit prøveprosjekt som i første omgang vil vera i vårsemesteret 2012 med mogeleg forlenging ut haustsemesteret 2012. Tilbodet vil primært vera for elevar i alderen 9 til 12 år, men også eldre elevar kan søke. Me gje tilbod til den aldersgruppa der det er flest søkjarar. Det er Torill Berger Falk som skal vera lærar for dette tilbodet.
Slik søkjer du på tilboda
Du kan søke om plass på alle tilboda ved å nytte søknadsskjemaet i boksen til høgre. Me ber om at du søkjer så snart som råd.
Dette gjeld ikkje tåspissdans for vidarekomne elevar. Interesserte til dette tilbodet må melde seg direkte til kulturskulen. Alle desse tilboda vil koste kr 1.308 pr. tilbod pr. semester minus. ev. søskenmoderasjon. Dette førutset at kommunestyret ikkje vedtek å auke satsane for 2012.
Meir om parkour
Parkour er ein rørsleidrett kor ein skal kunne kome seg frå A til B på den mest effektive måten. Ein traceur (ein utøvar av parkour) som møter på eit gjerde, vil ikkje leite etter ein port, men leite etter den mest mogeleg effektive måten å kome over hinderet framfor han på. Parkour er heller ikkje ein konkurranse og skal difor ikkje definerast som ein sport der konkurranse er essensielt. Det handlar om å konkurrere med seg sjølv og ingen andre. Den grensa ein har, skal ein bryte for å kunne bli endå betre i det ein driv med.
Fordi parkour er oppteken med utviklinga av den enkelte både fysisk og mentalt, kan det bli praktisert av alle. Den grunnleggande opplæringa og metoden kan tilpassast alle aldrar og evner slik at alle kan finne eit høvande nivå av utfordring.
Her er ein norskspråkleg film om parkour.
Det bør også seiast at dei fleste videoar produsert om parkour viser imponerande rørsler som er sluttresultatet av ein stor dedikasjon og praksis. Desse videoane viser ofte ikkje nøyaktig parkourtrening, men viser fram noko av dei beste ein kan oppnå innanfor parkour.
Dei som er over 16 er velkomne til å delta i utandørs klasse (kan kontakte Gareth gjennom kulturskulen, også om dei ynskjer å organisere noko sjølv). Om du er under 16 år, ta kontakt med Stord kulturskule her, eller du kan spørje rektor på skulen din om han kan organisere ei gruppe.