Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Åge Vallestad
Publisert:  12.01.2012 14:21
 
Oppdatert: 17.02.2012 10:18

UKULELE I KULTURSKULEN

Stord kulturskule går i desse dagar ut med eit heilt nytt tilbod.

UKULELE har blitt svært populært over store deler av verda. Også her på øya er det mange som etter kvart har prøvd seg på dette instrumentet. Me vil gjerne bidra til at enno fleire kan lære seg å spele ukulele gjennom å tilby det som eit eige tilbod i kulturskulen. Ukulele er eit instrument det er enkelt å lære seg elementær teknikk og eit lite repertoar på. I utlandet, m.a. Canada, har ukulele i fleire år blitt brukt som samspelsinstrument både i skule og fritidsliv.

Endre Engevik Olsen, som er godt kjend i musikklivet på Stord, vil bli tilsett som lærar i tilbodet. Han har årelang musikarerfaring m.a. frå Bergen og Liverpool, som låtskrivar, gitarist og vokalist i band som Kambourines, Angry Wasp og Blood Command. I desse dagar har han busett seg på Stord, og livnærer seg som freelance musikar. Endre har musikklærarutdanning frå Høgskulen i Bergen.

Me vil allereie frå start av fokusere på samspel med arrangement spesielt tilpassa instrumentet. Me vil jobbe mot å bygge opp eit allsidig repertoar i dei fleste sjangrar, frå rock til barokk.

Me vil gje tilbodet til desse aldersgruppene:

  • 1. til 4. klasse     
  • 5. til 7. klasse     
  • 8. til 10. klasse
  • Vaksne

Me vil også vera setje i gong tilbod om dette for vaksne. Dette tilbodet vil koste kr 1.654 pr. semester.

For at me skal kunne setje tilbodet i gong er me avhengig av å ha ca. 12 elevar pr. gruppe. Dei som melder seg som elevar kan få tilbod om å kjøpe instrument gjennom kulturskulen. Dette vil vera instrument som me har kvalitetssikra.

Interesserte finn søknadsskjema og fleire opplysningar på heimesidene våre.

Tilbodet vil bli starta opp så snart me har nok påmelde og søknadsfrist vert difor snarast!

VELKOMEN MED SØKNAD!

Kontaktinformasjon

Einingsleiar
Åge Vallestad

Telefon
53 49 69 05

E-postadresse
age.vallestad@stord.kommune.no

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Åge Vallestad
Tlf. 53 49 69 05
Mobil: 975 52 215

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Meieriet - Tjødnalio skule - Leirvik skule - Sagvåg skule - Høgskulen Stord/Haugesund