Av:
Stord kommune
Publisert:
13.12.2010 15:17
Oppdatert:
28.12.2010 13:33
Med ca. 1.600 selde billettar og fulle hus på alle dei 4 offentlege framsyningane vart Peter Pan ein fantastisk suksess. Alle forventningar me har hatt har blitt overgått når det gjeld det meste, frå det kreative og kunstnariske og til responsen frå publikum.
Alle me som har arbeidd med Peter Pan, elevar, foreldre og tilsette i Stord kulturskule, ynskjer å takke alle som har bidrege til den store suksessen me har hatt med framsyninga vår. Sponsorar, annonsørar, andre støttespelarar og sist , men ikkje minst det fantastiske Stordpublikumet som støtta opp og bidrog til 4 utselde framsyningar.
Me veit det er mange som ikkje fekk billettar, men håper me har skapt ein magi som varer gjennom julehelga for dei som fekk sjå denne fantastiske framsyninga.