Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  27.01.2011 12:21
 
Oppdatert: 03.02.2011 08:50

Nye tilbod i kulturskulen

Spansk og Guatemalamarimba kan bli dei nye tilboda i kulturskulen

Kulturskulen ynskjer å setje i gong tilbod i spansk og marimba frå Guatemala. Ansvarleg lærar for tilboda vert kulturskulen sin fredskorpsarbeidar frå Comalapa, Charles Perèn. Charles har budd på Stord ca. eitt år og snakkar etter kvart ganske godt norsk, noko som gjer at undervisninga vil føregå på norsk.

Tilbodet i spansk vil vera for elevar i ungdomsskulealder medan tilbodet i marimba frå Guatemala vil vera for elevar i alderen 11 til 13 år. Begge tilboda er gruppeundervisning med inntil 7 elevar pr. gruppe i marimba og inntil 12-13 elevar pr. gruppe i spansk. Me treng minimum 5 søkjarar til marimba og 8 søkjarar til spansk for å setje i gong tilboda. Begge kursa vil bli avslutta i midten av juni 2011 då Charles reiser tilbake til Comalapa.

Me ynskjer å starte opp så snart som råd og me ber difor interesserte om å søke snarast. De kan nytte søknadsskjemaet de finn i boksen til høgre.

Dersom me får nok søkjarar til å starte opp undervisninga i veke 6 vil tilbodet koste ca. kr 800 for dette semesteret. Undervisninga vil vera på mandagar og/eller onsdagar.

Du kan lese meir om marimba frå Guatemala her.

Kontaktinformasjon

Einingsleiar
Åge Vallestad

Telefon
53 49 69 05

E-postadresse
age.vallestad@stord.kommune.no

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Åge Vallestad
Tlf. 53 49 69 05
Mobil: 975 52 215

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Meieriet - Tjødnalio skule - Leirvik skule - Sagvåg skule - Høgskulen Stord/Haugesund