Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Nina Sørli
Publisert:  01.06.2011 08:52
 
Oppdatert: 01.06.2011 09:04

Minifestival i kulturskulen 8. og 9. juni

Stord kulturskule avsluttar skuleåret med ein minifestival i Stord kulturhus der mange av kulturskuleelevane skal syna kva dei kan. Arrangementet går over to dagar, onsdag 8. og torsdag 9. juni.

Det er tredje året kulturskulen legg opp til ei slik markering.

Onsdagen er teaterelevane sin kveld. Dei skal syna teaterstykke og sketsjar dei har arbeidd med i vinter. Torsdagskvelden vert det stor semesteravslutningskonsert med individuelle innslag, ensembler og kor. Tilsaman vil over 100 elevar entra scena denne kvelden.

Kultrskulen ynskjer alle interesserte velkomne til to kjekke kveldar med mange flinke kulturskuleelevar saman med våre dyktige lærarar!

Program 

Onsdag 8. juni 

Drama/teaterframsyning i kinosalen kl. 18.00.

Inngongspengar:

Vaksne: kr 80
Barn: kr 40

Torsdag 9. juni

Kl. 18.00: Stor semesteravslutningskonsert i kinosalen i kulturhuset med individuelle innslag, ensembler og kor.

Dei som deltek er:

  • Cellissimo
  • Gitarorkester
  • Stord skulekorps, juniorkorpset
  • Stort band/orkester samansett av instrumentalelevar og songarar
  • Jarand og Johannes Grov, piano
  • Dansegruppe
  • Strykeorkester
  • Film/animasjonsgjengen
  • Stord kulturskulekor (Aspane)
  • Stord ungdomskor

Inngongspengar:

Vaksne: kr 80
Barn: 40

 

Kontaktinformasjon

Einingsleiar
Åge Vallestad

Telefon
53 49 69 05

E-postadresse
age.vallestad@stord.kommune.no

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Åge Vallestad
Tlf. 53 49 69 05
Mobil: 975 52 215

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Meieriet - Tjødnalio skule - Leirvik skule - Sagvåg skule - Høgskulen Stord/Haugesund