Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Åge Vallestad
Publisert:  25.10.2011 08:38
 
Oppdatert: 27.10.2011 15:28

Konsert med Trio Vest og Stord ungdomskor

Torsdag 27. oktober vert det konsert med urframføring av musikk komponert av Knut Vaage.

Komponisten Knut Vaage frå Sunde i Kvinnherad har fått stor merksemd for arbeidet sitt dei siste åra, m.a. har musikken hans blitt spelt i Carnegie Hall i New York.

Så dette er ein komponist med eit solid rykte på seg, både nasjonalt og internasjonalt. Han seglar med det opp til å bli ein av Noreg sine mest viktigaste samtidskomponistar. Du kan lese meir om han på heimesida hans.

27. oktober skal Stord ungdomskor og Trio Vest ha ein konsert kor dei m.a. skal urframføre eit verk av Knut Vaage.

Knut Vaage fylte 50 år 14. oktober, så det høver difor godt å ha konsert med hans musikk no i oktober.

Det vert elles musikk av m.a. Beethoven, Bernstein, Debussy.

Konserten er i konsertsalen på Stord vidaregåande skule.

Billettprisar:
Vaksne: kr 100/Barn: kr 50/Kulturskulelevar: gratis 

Kontaktinformasjon

Einingsleiar
Åge Vallestad

Telefon
53 49 69 05

E-postadresse
age.vallestad@stord.kommune.no

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Åge Vallestad
Tlf. 53 49 69 05
Mobil: 975 52 215

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Meieriet - Tjødnalio skule - Leirvik skule - Sagvåg skule - Høgskulen Stord/Haugesund