Av:
Åge Vallestad
Publisert:
17.02.2012 07:51
Oppdatert:
17.02.2012 08:46
Dette er eit prosjekt der dei som enno ikkje er med i orkester kan få prøva seg.
Samspel er både sosialt og utfordrande. Ein skal passe på fleire ting på ein gong.
Difor har me lette songar i orkesteret. Pianisten er med og gjer det kjekkare, med tøffe pianokomp! Det svingar!
Alise Jonassen (fiolin), Jarle Kristoffersen (cello) og Omar Zahl Pettersen (piano) var instruktørar denne kvelden. 
Her vart det spela Samba og Calypsomusikk. Og me leika både med og utan instrument!
Stemninga var god heile tida, og mange gler seg til neste gong!
Me skal ha ei øving til før me deltek på kulturskulen sin elevkonsert 23. februar. Den skal vera i den vesle kinosalen i kulturhuset og startar kl. 18.00.
Kom og høyr oss då!

