Av:
Åge Vallestad
Publisert:
26.02.2009
Oppdatert:
23.06.2011
Elevinstruks
- Dei som vert tekne opp som elevar må binda seg for minst eit halvt år.
- Ynskjer ein elev å avbryta undervisninga midt i eit semester, kan vedkomande i særskilde høve få innvilga permisjon for resten av semesteret.
- Oppseiing må skje skriftleg og innan fastsette fristar. Fristane er 15. mai når ein skal slutte til sommaren, og 1. desember når ein skal slutte til jul. Om desse fristane ikkje vert overhaldne, må ein betale elevavgift for det etterfølgjande semesteret, uansett om plassen vert nytta eller ikkje.
- Elevavgifta skal betalast forskotsvis for eit halvt år om gongen (haust- og vårsemester). Elevavgifta vert berre refundert ved lengre tids sjukdom (meir enn 4 veker) eller ved flytting frå kommunen.
- Elevane pliktar å møta presis og førebudd til undervisningstimane. Sjukdom eller anna tvingande grunn til fråvær skal det om mogeleg gjevast melding om på førehand til eleven sin lærar, eller ved melding på første frammøte etter fråværet. Elevane kan ikkje få att timar dei har skofta.
- Dersom eit av skulen sine instrument vert skada, må ein straks gje melding til skulen sitt kontor. Dersom skaden skuldast aktlaus handsaming, må elevane sjølv betala reparasjonen. Dette gjeld både leigeinstrument og skulen sine andre instrument.
- Kulturskulen kan, etter tilråding frå rektor, utestengja elevar frå undervisninga dersom dei er fråverande gong på gong utan melding, dersom dei viser manglande interesse for skulearbeidet eller av disiplinære årsaker. Elevar som når dei representerer kulturskulen har nytta rusmidlar, eller av andre årsaker opptrer i strid med kva musikkskulen står for, blir utestengt frå undervisninga for kortare eller lengre tid. Ved utestengjing frå undervisninga skal heimen ha ei skriftleg begrunning for utestenginga.