Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  B. Withbro/K. K. Sævareid
Publisert:  26.02.2009
 
Oppdatert: 30.03.2012

Litlabø filial

Mor og barn på filialenMe ynskjer velkommen til biblioteket på Litlabø.         

Bibliotekfilialen i Samfunnshuset er eit tilbod til deg som bur på Litlabø eller i Sagvåg. Filialen er open tysdagar og fredagar. Sjå opningstidene nedanfor.

Ved filialen er det skjønn- og faglitteratur for barn og vaksne, og mindre depot av lydbøker og film.

Ver merksam på at det er transportordning mellom hovudbiblioteket i Kulturhuset og filialen. Du kan derfor reservera og låna media frå heile Stord folkebibliotek si samling gjennom filialen. Bøker som er lånte ved hovudbibliotek og filial kan leverast i den bibliotekavdelinga som høver best.

Folkeboksamlinga på Litlabø tok til alt i 1935, og heitte då Lillebø Grubers folkeboksamling. Det var A/S Stordø kisgruber som sto bak skipinga. Samlinga vart kommunal i 1953, og i 1955 fekk ho rom i Samfunnshuset. Biblioteklokalet er pussa opp og modernisert i fleire omgangar.

Frå barneavdelinga på filialen

     

Opningstider Litlabø filial:
Tysdag 15.30 - 18.00
Fredag 15.00 - 18.00           

 

Stord folkebibliotek
Postboks 264
5402 Stord

Framsidebilete: Kjersti K. Sævareid

Telefon:  53 49 69 70
Telefax:  53 41 59 51

E-post:   folkebiblioteket@stord.kommune.no

Nettredaktørar:
Bjørnar Withbro 
Kjersti Koppang Sævareid