Av:
Hans-Magne Eikeland
Publisert:
16.04.2010
Oppdatert:
23.06.2011
Omgrepet slektsgransking i profesjonell meining har hatt det i seg at me i det minste skal gå til kjeldene for å finna opplysningar om slekt.
Med kjeldene forstår me førstehands kjelder, svært ofte offisielle dokument, kyrkjebøker og folketeljingar til dømes. Eg reknar med at dette er eit grunnleggjande krav til alle forfattarar av bygdebøker. Går ein til førstehands kjelder, som ofte er svært gamle, må forfattarane òg kunna lesa gotisk skrift.
I siste mannsalder har det kome så mange bygdebøker at godt som alle sokner i større regionar kan vera hjelpne. For regionen Sunnhordland er det vel slik at det berre er tidlegare Austre-Vikebygd som ikkje er dekt.
For den genealogiske regionen eg har kalla den "Hardanger-Sunnhordlandske" finst no bygdebøker for alle kommunar. Det same gjeld noverande Fusa kommune med dei tidlegare kommunane Fusa, Strandvik, Hålandsdalen. Eg tek Fusa med fordi eg finn genealogisk grunnlag i bygdebøkene for å utvida regionen i denne nordlege retningen.
Me har såleis i denne store regionen, i alle bygdebøkene som her finst, ei mengd med opplysningar som går på genealogi. Opplysningane ligg der og ber om hjelp til å bli samla, sorterte og sytematiserte i store slekter.
Men så var det dette med kjeldene, førstehands og andrehands: Det skulle ikkje vera nødvendig alltid å gå til førstehands kjelder når slekt skal finnast, samlast og systematiserast.
Ideen om ein Slektsbank, slik eg har skissert han, ville vera godt som uoverkommeleg om eg skulle måtta gå til primær-kjeldene. Tanken kan neppe realiserst utan å gå til slekts-opplysningar som alt er henta frå førstehands kjelder. Slike opplysningar reknar eg med at me har i alle kommunale bygdebøker og andre seriøse publikasjonar, som til dømes i Erik Bakkevigs "Sunnhordlandsslekter".
Opplysningar i slektslister bygde på andrehands kjelder kan sjølvsagt ikkje brukast som eit folkeregister. Offisielle personopplysningar må hentast andre stader.