Av:
BW/Kks
Publisert:
01.11.2011 14:00
Oppdatert:
03.11.2011 13:23
Tysdag 1. november hadde hovudbiblioteket besøk av den fargerike forfattaren Vera Micaelsen. Inviterte skuleklassar fekk høve til å møta forfattaren av fleire fagbøker for barn. Her på Stord snakka ho engasjert om ulike kjensler me har, og særleg om korleis me reagerer på stress o.a. Borna fekk vera med på spennande reise-skildringar der ho m.a. skildra frå "Kua som falt ned fra himmelen" i Stillehavet - og andre forteljingar som kunne vera med å illustrera det å kjenna igjen eigne og andre sine kjensler. Og ikkje minst korleis ein kunne prøva å laga sine eigne grenser, trena på stress-meistring og vera ein støttande ven. Ho kom med mange gode tips - til store og små!
Barna følgde godt med, var engasjerte og ein kunne lett kjenna at dei artige historiane og formidlaren av dei var på god bølgelengd med barna.

Ho har m.a. skrive desse bøkene:
2003: 1000 ting å gjøre sammen med barna
2005: På månen spiser de kameler - filosofi for barn
2008: Supermamma Monstermamma - historier om familiekaos og småbarnsliv.
2009: Kua som falt ned fra himmelen - forunderlige fortellinger fra virkligheten
2011: Å klemme fingeren i døra - en bok om følelser
Dersom du ynskjer å lesa meir om historien ho fortalde om kyllingen i Alabama kan du vitja sida http://www.miketheheadlesschicken.org/
Vil du lesa meir om Vera Micaelsen kan du sjå her på Wikipedia