Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  BW/kks
Publisert:  19.01.2012 14:13
 
Oppdatert: 19.01.2012 16:13

Slektsbank i gåve

Slektsbanken for Sunnhordland og Hardanger offisielt overrekt

Frå den offisielle overrekkinga av slektsbanken på Stord folkebibliotekOnsdag 18. januar vart Slektsbanken for Sunnhordland og Hardanger offisielt gitt som gåve til Stord kommune frå Hans-Magne Eikeland. Ordførar Liv Kari Eskeland takka hjarteleg for den store gåva.

Slektsbanken er eit resultat av mange års arbeid frå Hans-Magne Eikeland si side, og er eit verdfullt grunnlag for slektshistorisk arbeid i vår region. Mange frå IKT-sida i Stord kommune har elles vore med på den tekniske utviklinga av den databaserte versjonen som no ligg på kommunen si heimeside. Du finn Slektsbanken på biblioteket sitt område her. Det var i si tid dåverande kultursjef Jakob Gullberg som kom i kontakt med Hans-Magne Eikeland, og som fekk etabelert eit samarbeid mellom han og kommunen.

Det er eit svært omfattande systematiseringsarbeid av slektshistorisk materiale Eikeland har utført, og derfor er gåva unik. 

Hans-Magne Eikeland og Johanna EikelandHans-Magne Eikeland, ordførar Liv Kari Eskeland og biblioteksjef Bjørnar Withbro

Slektsbanken

Stord folkebibliotek
Postboks 264
5402 Stord

Framsidebilete: Kjersti K. Sævareid

Telefon:  53 49 69 70
Telefax:  53 41 59 51

E-post:   folkebiblioteket@stord.kommune.no

Nettredaktørar:
Bjørnar Withbro 
Kjersti Koppang Sævareid