Av:
Bw/kks
Publisert:
03.11.2011 13:00
Foto: Kks
Oppdatert:
04.11.2011 09:24
Søndag 6. november opnar den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu, og festivalen vil i år vera frå 6. til 11. november.

På hovudbiblioteket kjem Per Olav og Roald Kaldestad saman måndag 7. november kl. 10.00, 11.00 og 12.00. Begge har skrive fleire barnebøker, og her kan nemnast dei nyaste som kom ut i 2010: "Med kråkenebb og kråkeføter" som er ei diktsamling for barn av Per Olav Kaldestad og Roald Kaldestad si bok "Heavykatten og gitaren"; forteljing for mellomtrinnet.
På Litlabø filial kjem forfattaren Vegard Markhus torsdag 10. november kl. 10.00 og kl. 11.00.
Forfattarbesøka er for inviterte skuleklassar, men er òg ope for alle interesserte.
Torsdag 10. november kl. 19.00 vil det elles bli ein presentasjon av Samlaget sine barne- og ungdomsbøker i haust. Arrangementet vert i hovudbiblioteket i Kulturhuset, og er ope for alle. Bøkene vert presentert av Erle Stokke, redaktor for barne- og ungdomsbøker i Samlaget og Inger Stenersen, sals- og marknadssjef i Samlaget. Der vil du òg få høyra meir om boka "Henrik And" med forfattar Anna R. Folkestad frå Stord.
Elles finn du meir informasjon om 5-årsjubilanten Falturiltu og program på Falturiltu si nettside
Folkebiblioteket gratulerar med jubileet - og ynskjer lykke til med arrangementa. Me ser fram til vidare samarbeid i framtida.