Av:
BW/kks
Publisert:
25.08.2011 14:10
Foto: Kjersti K. Sævareid
Oppdatert:
25.08.2011 13:31
Hausten 2011 vert det eventyrstund i hovudbiblioteket fire gonger. Fyrste gong vert onsdag 5. oktober kl. 10.00.
Eventyrstunda er for barn i alderen 4-5 år, og tek om lag ein halv time. Barna får høyra eventyr frå ulike land og kulturar. Elles byr programmet på rim, regler og songar.
Også grupper frå barnehagane er velkomne til eventyrstunda, og det er ikkje naudsynt med påmelding på førehand. Etter eventyrstunda vert det høve til lån. I biblioteket si barneavdeling er m.a. ei større samling av biletbøker.
Det er barnebibliotekar Kari B. Lundal som har ansvaret for arrangementet.
I haust vert det eventyrstund i hovudbiblioteket:
Onsdag 5. oktober
Onsdag 2. november
Onsdag 23. november
Onsdag 7. desember
Alle dagar kl. 10.00


Velkommen til eventyrstund i biblioteket!