Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Kjersti K. Sævareid
Publisert:  13.10.2011 10:00
 
Oppdatert: 06.10.2011 16:37

Arrangement på hovudbiblioteket i Kulturhuset

Har du lyst å høyra litt i ord og tonar om korleis det var å veksa opp på 50 talet? Då er du velkommen til arrangement i biblioteket!

Onsdag 19. oktober kl. 17.00 - 19.00 ynskjer me velkomne til arrangementet "Barndom på 50-talet" på hovudbiblioteket i Stord kulturhus.

Det vert kåseri og opplesing ved Johanne Øvstebø Tvedten Johanne Øvstebø Tvedtensom er tilsett som undervisningsleiar ved Sunnhordland Museum på Stord.

Ho har i år gjeve ut boka "... så stal me ein båt ..." - Barndoms-forteljingar frå 1950-talet. Boka gjev innblikk i etterkrigstida sin optimisme - der alle gode krefter trongs for å skapa den nye framtida. Ho har samla historiar frå nokre som vaks opp på 1950-talet. 
Sjekk ut meir om boka :  Bilete av boka ..."så stal me ein båt..." av Johanne Øvstebø Tvedten


Programmet vidare denne kvelden:

Musikk ved    : Trio Vest;  ei profesjonell musikargruppe somTrio Vest består av Grethe Hylland (tverrfløyte), Jarle Kristoffersen (cello) og Magnus Blom (klaver). Dei har base på Stord og arbeider i Stord Kulturskule.


 

Opplesing ved : Kari Bolette Lundal som er barnebibliotekar på StordKari Bolette Lundal folkebibliotek, og etterkvart ein kjent formidlar.  Ho vil m.a. lesa dikt og fortelja.


Dessutan vert det allsong, loddsal og enkel servering.

Fritt tilgjenge for alle. Velkomne!

 

Arr. Stord eldreråd og Stord folkebibliotek

Stord folkebibliotek
Postboks 264
5402 Stord

Framsidebilete: Kjersti K. Sævareid

Telefon:  53 49 69 70
Telefax:  53 41 59 51

E-post:   folkebiblioteket@stord.kommune.no

Nettredaktørar:
Bjørnar Withbro 
Kjersti Koppang Sævareid