Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  BW/kks
Publisert:  12.01.2012 12:51
 
Oppdatert: 12.01.2012 13:40

Barndom i vaksen skjønnlitteratur

Mange skjønnlitterære bøker for vaksne har barndom som tema.

Nokre av desse bøkene er no funne fram ved Stord folkebibliotek til ei mindre utstilling. Dette er eit apropos til filmen Simon og eiketrærne som no går på norske kinoar, m.a. her på Stord. Denne gode filmen byggjer på den fine barndomsskildringa i Marianne Fredriksson si bok med same namn. Boka hentar si handling frå Sverige under krigen.

Ei anna god svensk barndomsskildring som kan trekkjast fram, er Mitt liv som hund av Reidar Jønsson. Frå norsk litteratur kan me t.d. tenkja på bøker som Allis sønn av Magnhild Haalke, Veien til verdens ende av Sigurd Hoel, og Herman av Lars Saabye Christensen.

Stord folkebibliotek
Postboks 264
5402 Stord

Framsidebilete: Kjersti K. Sævareid

Telefon:  53 49 69 70
Telefax:  53 41 59 51

E-post:   folkebiblioteket@stord.kommune.no

Nettredaktørar:
Bjørnar Withbro 
Kjersti Koppang Sævareid