Av:
Hildebjørg Røssberg
Publisert:
13.03.2009
Oppdatert:
31.10.2011
Etablering
Skoagtufto barnehage vart etablert i 1973, og er i ettertid utvida i storleik både med tanke på areal og tal på barn. I dag er drifta tilpassa fem avdelingar; to avdelingar med barn i alder 1 - 2 år, tre avdelingar med barn i alder 2 - 5 år.
Lokalisering og tilgjenge
Barnehagen ligg på Storasletto, like ved Almås motell. Opningstida er 06:45-16:15 alle dagar, med unnatak av dagen før Skjærtorsdag. Juleafta og nyårsafta held barnehagen stengt. Om sommaren er barnehagen open gjennom heile ferien, og det samarbeidast med personale frå dei fire andre kommunale barnehagane om "sommarbarnehage". Sjølv om barnehagen er tilgjengeleg 12 månadar, betalast det for 11 månadar. Juli er betalingsfri. Barna skal i løpet av gjeldande barnehageår ta ut totalt fire veker ferie.
Måltid i barnehagen
I Skogatufto barnehage har barna med seg eiga niste fire dagar i veka. Den siste dagen, lagar me frukost og lunsj i barnehagen. Dette varierar mellom brødmat, gryn / kornprodukt og varm mat. Er det barn som har særskilde behov i høve mat, tilpassar me dette. Det serverast òg mjølk. Både måltidet i barnehagen, samt mjølk, er frivillig. Dette betalast i form av kostpengar lagt i tillegg til ordinèr opphaldsbetaling på faktura.
Barnehagen sitt innhald
Skogatufto er ein barnehage for alle, der omsorg, leik, meistring / læring og danning skal være fokus. Våre aktivitetar og deira innhald skal ha utgangspunkt i barna og deira interesser, samt behov og rettar. Me skal jobbe for å sjå det unike i kvart enkelt barn, samt for å gjere ulikskapar blant barn og vaksne til noko spennande og samhandlande. Med eit sosio - kulturelt læringssyn til grunn, skal me jobbe aktivt for å gi barna gode opplevingar som inspirerar dei til å strekke seg "litt lenger", men ikkje lenger enn langt nok. Me skal vere aktive saman med barna,og gjennom språk og opplevingar hjelpe dei til å forstå og meistre eit sosialt liv ut frå deira premissar.