Av:
Hildebjørg Røssberg
Publisert:
16.09.2009
Foto: Else Jorunn Belsvik
Oppdatert:
23.06.2011
På Marihøna har dei yngste barna plass. Tid for omsorg, stell og nært samarbeid med heimen er her høgt prioritert for å byggje opp om ein god og trygg start i barnehagen. Det pedagogiske opplegget blir tilpassa barna sin alder og mogning.
Me har eit ønskje om at barna har med eigne vogner og utstyr til å sove i. Barnehagen har eige vognskur der vognene står tørt og varmt. Har de vanskar med å halde vogn sjølv, kontakt oss for hjelp.