Tre gutar som skal begynna på skulen neste år, to som er født i 2006, seks 2007 barn og fire 2008 barn. Me er ei fin gruppe med små, og store, og me vil fokuserer på at alle skal føle seg som ein viktig del av felleskapet vårt.
Me har ei lita samling kvar dag, før frukost, der me ønsker kvarandre god morgon, me syng navnesang og har navneopprop + mykje anna kjekt der òg enkelt individet får komme i fokus.
”På Bikuben e da kjekt å gå. For oss som e store og oss som e små. Me gjere da me likar og da me må, og me kosar oss sjølv om dagen e grå. Bobb bobb dæddi dæddi bobb bobb suu…” har blitt ein kjent sang i samlingane våre.
Både vaksne og barn gjere ”da me likar og da me må”. Me har vaksne som er glad i å synga, spela gitar, dramatisera, lesa, baka…og då gjenspeiler dette seg litt i kvardagen, sjølv om me gjere mykje anna òg . Me følg rammeplanen og årsplanen til barnehagen, og former dagane våre ut i frå det.
Barna er også med å forme dagane, med sin spontanitet, sine idear, utspel og interesser.
Me ser fordelane med å høyre til i ei gruppe med alders spredning. Dei minste strekker seg etter dei store, og dei store hjelper dei små. Dei store blir oppmuntra til å vera gode forbilder for dei som er mindre.
Me ser ofte gleden i augo til ein tre åring når ein Tarzan vil leike, me ser fine samarbeids stunder rundt modellkitt, lego og togbane. Me har kjekk leik i dokkekroken vår og i sandkassen.
Av og til kan det bli konflikt i leiken, då hjelper me vaksne til, så godt me kan, å løyse konflikten saman med barna.
Onsdagar og torsdagar er barna saman med andre på sin alder, på tvers av avdelingane våre. Her sikrar me barna ein tur dag i veka, og ein aktivitet tilpassa barnet sin alder. Her blir dei kjent med andre barn og vaksne, enn dei som er inne på Bikuben.