Av:
Nina Sørli
Publisert:
10.11.2010
Oppdatert:
05.12.2011
Løyve vert gjeve på følgjande vilkår:
- Bålet skal bestå av treverk, ikkje bildekk, pappesker eller trykkbehaldarar. Ein kan ta med papir eller esker om det vert plassert midt i bålet omgitt av materiale som brenn lenge.
- Om det er mogeleg å leggja ut ein vass-slange, skal dette gjerast. Om ikkje dette er mogeleg skal det setjast fram bøtter til slukkevatn.
- Det må avtalast med grunneigar evt. miljøvernrådgiver om det kan brennast bål i det området det er søkt om å brenna bål.
- Dersom det er eit sankthansbål skal bålet vere klart for inspeksjon innan kl.12.00 den aktuelle dagen.
- Om det er tørt og vind den dagen ein skal brenna, fell løyvet automatisk bort. Er det tvil om dette, skal spørsmålet føreleggjast brannsjefen. Nærare melding om dette kan verta gjeve i lokalavisa/nærradio.
- Når ein forlet bålet skal dette sløkkjast fullstendig.
Slik søkjer du
Fyll ut felta nedanfor og trykk på send søknad. Hugs å oppgi e-postadresse så får du svar frå brannvesenet om søknaden din vert innvilga.