Av:
Anita G. Borrevik
Publisert:
05.11.2009
Oppdatert:
23.10.2011
Nytt prosjekt haust 2011:
Den gode utetida-språkstimulering gjennom leik og opplevingar
Prosjekt haust 2009- vår 2011
Vatn
Sagvåg og Litlabø - ein del av byen Stord
Me er i gong med det andre året i prosjektet vårt som me har kalla "Sagvåg og Litlabø-ein del av byen Stord". Dette året har me retta det inn mot vatn
I dette prosjektet vert me nærare kjend med
- Vatn
- Vatn i Sagvågsområde
- ulike stadnamn
- historie bak namna
- kva dyre-og planteliv som befinn seg der
- anna spanande ting på staden.
Etter å ha jobba med dette prosjektet eitt år, lagar me sommarfest juni 2011.
Slik lærer me-prosjektet
Eit anna prosjekt barnehagen vår har vore ein del av er "Slik lærer me-prosjektet".
Det er eit prosjekt basert på teorien til Howard Gardners mange intelligensar(MI). Dette handlar om å sjå heile barna med dets sterke og svake sider. Det handlar om å sjå at me alle er intelligente på kvar våre område. Me har laga visjonen vår "Barn kan" kan bakgrunn av dette.