Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  15.06.2010
 
Oppdatert: 23.06.2011

Municipal International Cooperation

KS starta det internasjonale kommuneprogrammet MIC mellom kommunar i Noreg og Afrika i 1999. Programmet vart utvida til også å omfatta Guatemala med eit forprosjekt i 2007, og ein rammeavtale på 3 år fra 2008-2010 der Stord og Comalapa kom med.

Stord-Comalapa ein av seks partar i eit samarbeid mellom kommunar i Noreg og Guatemala. Stord-Comalapa og Ål-Sololá har vore med sidan 2008, medan Tromsø-Quetzaltengango, Stjørdal-Panajachel, Odda-Santiago-Atitlán og Tinn-Champerico kom med i MIC-programmet frå 2010. Alle kommunane har søkt om å få vera med i ein ny treårs periode frå 2011.

Overordna mål

Det overordna strategiske målet for programmet er å få til gode styringsprosessar i kommunane. Desse prosessane skal vera ein lekk i den globale kampen mot fattigdom og for bærekraftig utvikling, i samsvar med SN sine milleniumsmål for utvikling.

Føremål

Av dei fire føremåla kommunane kan velja å arbeide etter har dei seks samarbeidskommunane valt desse:

A) Miljøtenking inn i  planlegginga

Her arbeider Stord og Comalapa med opplysningsarbeid i samband med bosshandsaming for å minka forureining.

B) Auka kvinnedeltaking og kvinnerepresentasjon.

Her arbeider Stord og Comalapa med informasjon og skulering for at fleire kvinner skal delta i dei lokale utviklingskomiteane i Comalapa sentrum og i grendene ikring.

Koordinator for MIC-prosjektet er Gerd Synnøve Fladby, Kulturtenester, Stord kommune.

Ekstern informasjon

Kontakt kulturtenester

Telefon:
53 49 69 50

E-postadresse:
kulturtenester@stord.kommune.no

Opingstider:
09.00-15.30

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM