Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Fredskorpsarane Øystein Stakland, Franz Roberg og Ingird Kristina Leiråmo føre Venskapsmonumentet i Comalapa
Av:  Stord kommune
Publisert:  18.06.2010
Foto: Fredskorpset
Oppdatert: 23.06.2011

Comalapa

Venskap Stord-Comalapa vart stifta i 1989 som ei arbeidsgruppe innan administrasjonen i Stord kommune. I 1995 vart Venskap Stord-Comalapa ein frivillig organisasjon med eigne vedtekter og eige styre med eit medlem frå Stord kommune.

Frå 2002 har Stord kommune og Comalapa kommune hatt utveksling av fredskorpsarar. Tema har vore lokaldemokrati- og administrasjon, helse, skule, miljø, biologisk mangfald/ bosshandsaming og musikk.

I 2007 vart Stord kommune og Municipalidad de San Juan Comalapa samde om å søkja Kommunenes sentralforbund (KS) om å taka del i det internasjonale kommuneprosjektet MIC (Municipal International Cooperation). I 2008 og 2009 har dei to kommunane samarbeida om bevisstgjering rundt miljø- og kvinnespørsmål.

Frå hausten 2009 er ein i gong med den 5. utvekslingsrunden som skal vara i eitt og eit halvt år. Tre ungdommar som representerar Stord reiste til Comalapa i oktober 2009 og skal arbeida innan musikk, miljø og førebyggande arbeid for ungdom. I januar 2010 kom to ungdommar frå Comalapa til Stord. Dei skal arbeida innan musikk, idrett og førebyggande aktivitetar for ungdom.

Meir informasjon om fredskorpset og MIC finn du ved å klikka på lenkene over.

Kontakt kulturtenester

Telefon:
53 49 69 50

E-postadresse:
kulturtenester@stord.kommune.no

Opingstider:
09.00-15.30

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM