Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Luciatoget frå Furuly syng for dei rådhustilsette.
Av:  Nina Sørli
Publisert:  15.12.2011 10:59
 
Oppdatert: 21.01.2012 15:00

Overraska rådhustilsette med song og Lussekattar

Tilsette i rådhuset fekk seg litt av ei overrasking, då eit Luciatog troppa opp i kantina midt i lunsjen på Luciadagen 13. desember. Det var 5-åringane frå Furuly barnehage som stod bak det koselege opptrinnet.

Luciabarna som vitja rådhuset på Luciadagen song både Luciasongen og fleire fine julesongar for dei kommunetilsette.

Etter songane delte dei ut deilige heimebaka lussekattar frå korgene sine til alle som ville ha.

Då korgene var tomme, forsvann dei like fort som dei hadde kome.

Bildene:
Øvst:
Luciabarna serverte flotte songar i rådhuskantina

Venstre: Her er dei på veg til rådhuskantina gjennnom ein av korridorane i rådhuset.

Høgre: Her er det Tove Lunde som får lussekatt av ein av Luciajentene..  

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM