Av:
Kristine Vikanes
Publisert:
19.12.2011 13:10
Foto: Kristine Vikanes
Oppdatert:
19.12.2011 13:21
I dag har me hatt siste lunsjkonserten før jul. Elevrådsleiar opna med å ønska alle god jul og godt nyttår, før kåringane. Kategoriane i dag var månadens gledesspreiarar, månadens musikar og månadens mest engasjerte. Dette er ein måte å belønna dei elevane som bidreg positivt til elevmiljøet.
Elevrådet skal ha takk for godt utført arbeid, og stor innsats denne hausten!
Konserten var sett saman av ulike innslag med tema jul. Dette har elevane brukt to dagar til å øva på, då dei hadde det som val på juleverkstaden. Sjølv om to dagar er kort øvingstid, var det høg kvalitet på innslaga.
Til slutt takka rektor, Bente Eide, for eit fint semester og ønskte alle ei riktig god jul.