Av:
Kristine Vikanes
Publisert:
08.12.2011 14:46
Foto: Kristine Vikanes
Oppdatert:
08.12.2011 14:58
Besøk frå Husnes ungdomsskule
25.november fekk med besøk av elevrådet, rektor og sosiallærar frå Husnes ungdomsskule
Det var elevrådet på Husnes ungdomsskule som hadde teke initiativ til besøket, og det var kjekt å kunna visa dei rundt på skulen vår. Elevrådet ved Nordbygdo ungdomsskule var vertskap og tok i mot dei. Våre elevar hadde på seg gule vestar og hadde med seg ei gruppe frå Husnes kvar. Dei var kjempeflinke til å visa rundt og informera om skulen vår. 9D som hadde kantina denne dagen, hjalp til med å laga fruktfat til gjestene våre.
Takk til elevråd og elevane i 9D som bidrog til eit vellukka besøk!