Av:
Trude Aamot
Publisert:
18.11.2009
Foto: Inger Helene Kjeka
Oppdatert:
23.06.2011
Litlabø skule er ein 1 -7 skule med 85 elevar skuleåret 2009/10. I SFO går det 20 elevar. Skulen ligg i bygda Litlabø i Stord kommune. Me ligg fint og usjenert til, og like nedanfor skulen ligg det gamle gruveområdet på Litlabø. Det første skulebygget som kom på Litlabø vart bygd i 1925, og vert i dag kalla for gamleskulen. Bygda har med andre ord hatt eigen skule i 85 år.