Av:
Kesia Palmer Venaas
Publisert:
16.12.2009
Oppdatert:
23.06.2011
Dette er ein avtale som gjeld mellom elevane i 5.-7. klasse, Litlabø skule v/rektor og foreldra til borna.
- Avtalen gjeld alle elevane i 5.-7. klasse, også dei som ikkje syklar til skulen kvar dag.
- Med sykkel meinast vanleg sykkel og sparkesykkel.
- Me tek ikkje med oss rulleskøyter eller rullebrett.
Dersom elevane får lov heime, kan dei sykla til skulen frå den hausten dei tek til i 5. klasse. Alle fylgjer sjølvsagt trafikkreglane (hugs refleks og lys på sykkelen), og alle skal bruka hjelm.
Dei som ikkje fylgjer reglane for sykling, får ikkje sykle.
Dersom ein elev syklar utan hjelm eller to på sykkel:
- Første gong: Åtvaring.
- Andre gong: Melding heim.
- Tredje gong: Melding heim + ikkje sykla på ei veke til skulen.