Av:
Gisle Østrem
Publisert:
22.02.2012 10:27
Foto: Gisle Østrem
Oppdatert:
22.02.2012 12:34
I vinterferien arrangerar klubbstyret i lag med andre ungdommar frå Stord eit nytt dataparty. LANet vert i Storesalen i Samfunnshuset på Litlabø, og har plass til 50 datamaskinar. Men, ein treng ikkje datamaskin for å delta. Det sosiale er i fokus og det er fritt fram for besøkande utan PC også.
På programmet står blant anna compoar og konkurransar med flotte premiar.
LANet startar altså førstkomande laurdag og varer til tysdag 28. februar. kl 12:00.
Dette vert eit finfint alternativ til dei som ikkje skal på ferie, og for alle andre som måtte keia seg i vinterferien. Velkommen!
For påmelding med datamaskin og meir info om LANet: EliteLan