Av:
Stord kommune
Publisert:
18.08.2010
Oppdatert:
05.12.2011
For alle permisjonar utover ein dag skal søknadsskjema fyllast ut og sendast rektor i god tid før permisjonen startar.
Etter Opplæringslova §2-11 kan kommunen gje ein elev permisjon inntil to veker når det er forsvarleg. Leirvik skule meiner det ikkje er forsvarleg for eleven å bli teken ut av skulen ved skulestart om hausten.
Dersom permisjon vert innvilga er det eit vilkår at foreldre/føresette sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgja med i undervisninga etter at permisjonstida er ute.
Søknadsskjema
Alle felta merka med * MÅ fyllast ut. Dersom skjema er riktig utfylt, skal du få opp ei kvitteringsside når du har trykt på Send-knappen. Dersom dette ikkje skjer, må du sjekka om det er noko du har gløymt å fylla ut. Meld feil på skjema til nettsida@stord.kommune.no